Tokke og Vinje kommunar har i samarbeid arbeida med revisjon av konsesjonsvilkåra for kraftproduksjonen i Tokke-Vinje-vassdraget. Gjeldande konsesjonsvilkår kunne endrast 60 år etter at Stortinget gav løyve til at staten bygde ut dette vassdraget i 1957, altså i 2007. På den måten kan dei gamle vilkåra bli erstatta av moderne konsesjonsvilkår for regulering, med same miljømål/krav som det vert satt om ein skulle bygd ut i dag.

Dette arbeidet byrja i 2005 med synfaringar og folkemøte der kommunane bad om innspel til kva for endringar i gjeldande vilkår kommunane skulle krevje. Ut frå alle innspel og juridiske vurderingar, var det klart at det var grunnlag for å krevje opning av revisjonssak noko kommunestyra slutta seg til.

NVE vedtok så opning av revisjonssak våren 2007. Eit nytt moment som var kome til i samband med vassdragsforvaltning var at Noreg hadde slutta seg til EU sitt vassrammedirektiv. Det vart så vedteke av NVE at Tokke/Vinje-revisjonen skulle gjennomførast med samkøyring og koordinering mellom arbeid heimla i vassforskrifta og revisjonsarbeidet heimla i vassdragsreguleringslova. I praksis vart denne samkøyringa gjennomført ved at det felles kraftutval for Tokke og Vinje kommunar er styringsgruppe både for vassforvaltningsarbeidet og vilkårsrevisjonssaka, og administrativt har også dei same personane jobba med både vassforvaltningsplanane og revisjonssaka.

Det er også skipa ei felles arbeidsgruppa Kraftutvalet, med representantar frå kommunane, konsesjonæren (Statkraft), statsforvaltaren, fylkeskommunen og andre som interesserar seg for dette arbeidet. FAUN Naturforvaltning er sakkunnig hjelp og sekretariat også for arbeidsgruppa. Regulanten (Statkraft) har også nytta naturfagleg og anna eksperthjelp på side i arbeidet.

Når revisjonssak opna så var det naudsynt for kommunane med sakkunnig hjelp for å fremje ei god revisjonssak. Kommunane har knytt til seg FAUN Naturforvaltning som sakkunnig hjelp og prosjektleiar. I tillegg har det vore henta inn fagekspertise frå andre naturfaglege miljø, juridisk hjelp og hydrolog også har vore engasjert i periodar.

Kommunane fremja så sine krav til nye vilkår i juni 2010 (revidert i 2017, sjå dokument her og Statkraft fremja sitt revisjonsdokument i januar 2013. NVE fremja framlegg til nye konsesjonsvilkår til Olje- og Energidepartementet (OED) i februar 2021, der NVE tilrår at det innførast nye og moderniserte vilkår for reguleringskonsesjonane i Tokke/Vinjevassdraget. Vilkåra vil gje myndighetene heimel til å pålegge relevante, avbøtande tiltak. OED vil i neste omgang sende NVE si innstilling ut på ei avgrensa høyring – mellom anna til kommunane.

Her er meir informasjon og relevante dokument om vilkårsrevisjonen for Tokke/Vinjevassdraget:
https://www.nve.no/konsesjon/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=4740&type=V-1/getfile.php/4883787.2639.lwjn7sqzllnita/Justert+kravdokument+fr%C3%A5+Tokke+og+Vinje+kommunar+av+nov+2017.pdf

Tokke-Vinje vassområde

Tokke-Vinje vassområde vart med som pilotområde allereie i fyrste periode av vassforvaltningsplanarbeidet som starta opp i 2006 - og gjaldt perioden 2010 – 2015 (6 år). Det er i prinsippet dei same miljømål som vert sett i arbeidet med vassforvaltningsplanane som i vilkårsrevisjonen, og dessa fagfelta sjåast difor i samanheng. Men når det gjeld regulerte vassdrag så er ein i stor grad avhengig av at det vert sett nye vilkår i vassdragsreguleringskonsesjonane for å nå dei miljømål som er sett i vassforvaltningsplanen. Den fyrste vassforvaltningsplanen vart rullert i 2015 for perioden 2016-2021, og det er nyleg starte opp rullering for neste periode 2022-2027 som kommunane og Kraftutalet har sendt inn felles høyringsinnspel på. Sjå meir informasjon om vassforvaltningsplanane her: https://www.vannportalen.no/vannregioner/vestfold-og-telemark/vannomrader/tokke-vinje-vassomrade/