Eit hjelpemiddel gjev den som treng det ein lettare kvardag, og er til utlån for ei kortare eller lengre periode.

Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) vert dekte av folketrygda. Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov. 
Du har også høve til å søke støtte for småhjelpemiddel frå Nav
Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk, sørgjer ergoterapeutane for at søknad vert send til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

Du kan kontakte ergoterapeutane i kommunen viss du har behov for tekniske hjelpemiddel. Vanlegvis vil dei kome på heimebesøk og kartlegge hjelpebehova dine. For tildeling av hjelpemiddel til varig bruk, vert det gjort eit vedtak etter folketrygdlova.

Opplæring i bruk, montering og eventuell reparasjon av hjelpemiddel, vert vanlegvis utførd av ergoterapeutane og vaktmeistrane i kommunen.

Handsaming

Kommunen / Nav Hjelpemiddelsentral har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil verte gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på avslag om å få tildelt tekniske hjelpemiddel til varig bruk innan ein frist på seks veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket. I klagen skal du føre opp kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom Hjelpemiddelsentralen lèt avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Nav Klageeining, som avgjer om klagen skal bli teken til fylgje.