Det er tre dialysestolar, og tilbod til tre pasientar tre dagar i veka. Pasientane kjem frå tre ulike kommunar i Vest-Telemark.

Me er stolte av å kunne gje dei som er avhengige av dialyse eit lokalt tilbod som gir kortare reiseveg og auka livskvalitet. Samstundes byggjer me kompetanse lokalt og tilbyr våre tilsette nye og utfordrande oppgåver.

Fleire sjukepleiarar har gjennomførd tre månadars opplæring ved sjukehuset på Rjukan og i Skien. Det er desse som står for behandlinga, i samarbeid med kompetanse frå sjukehuset. Dette er samhandling mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta i praksis!

Dialyseavdelinga er i 2. høgda på Vinje helsesenter.