Pårørandeskule hausten 2023

Kva er pårørandeskule?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom, og som bur i Vinje eller Tokke kommune. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege førelesingar, plenums- og gruppesamtaler får du kunnskap om demens og innsikt i kva følger sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Praktiske opplysningar

  • Stad: Trevet (biblioteket i Åmot)
  • Påmelding: Innan 25.08.23
  • Kursavgift: Gratis
  • Tidspunkt for alle dei fire samlingane er kl 17-20. Det blir ein pause midtvegs med enkel servering.

Til foredraget 30.august vil også tilsette i helsetenesta bli invitert.

Program

Dato og tema

Forelesar

30.08: 

Dei ulike demenssjukdommane, symptom, utreding og behandling

Samtale

Ulrike Sagen-Vik, Overlege Alderspsyk avd Skien

Astrid Marie Kvaal
Marianne Eriksen

04.09:

Kommunikasjon og samhandling

Hjelpemiddel, velferdsteknologi og praktisk råd i kvardagen

Marianne Eriksen,
demenskoordinator

Elisabeth Tveiten Øye, ergoterapeut

12.09:

Framtisdfullmakt, vergemål og beslutningskompetanse

Samtale

Kjersti Harnes, Jurist

Astrid Marie Kvaal
Marianne Eriksen

21.09:

"Den lange sorga", korleis ta vare på seg sjølv som pårørande

Kommunale tenester

Avslutning, evaluering og informasjon om samtalegrupper

Eilev Eriksten, prostdiakon

Mona Haugen, leiar koordinering og tildeling, Vinje kommune

Anna nyttig informasjon frå nasjonale instansar- sjå lenker nedanfor: