Feie- og tilsynsruter
Det er Vest Telemark Brannvern som utfører feiing og tilsyn på vegne av kommunane. Feiing vil bli utført kvart tredje år og tilsyn kvart 6. Eigar vil få ein sms varsling i forkant, som du må svare på. For ny avtale eller spørsmål, kan du ta kontakt med Vest-Telemark Brannvern IKS.
Feie- og tilsynsgebyret er fastsett ut frå sjølvkost. Kostnaden vert årleg fordelt og ikkje innkrevd som totalkostnad det året feiing/tilsyn vert utført. Gebyret kjem på same faktura som dei andre kommunale gebyra, fordelt på fire terminar i året.
2023
Feiing Bustad:
- Frå Hylland til Rauland
- Rauland til Varland , Møssvassdammen.
- Hyllandsheiia,Øyfjell,Drivarbekkdalen til Austbø
- Rauland til Arabyggdi
Branntilsyn Bustad :
- Heile Åmot
Hytter Feiing og Tilsyn :
- Frå Rauland sentrum til Austbø
- Frå Austbø til Varland
- Kryss Varland til Møssvassdammen
- Frå Rauland Sentrum til hyttefelt Harkjestaul.
Fylgjande område blei feia i 2022
- Bustadar feiing: Åmot + frå Grungebru til og med Haukeli.
- Bustadar tilsyn: Øyfjell/Drivarbekkdalen - Grungedal/Haukeli - Tveito/Bøgrend + Kullen i Åmot.
Fylgjande område blei feia i 2021:
- Bustadar: Det var ikje feia bustadar i 2021 - bortsett frå dei som må feiast årleg.
Det var tilsyn på bustadar frå Hyllandsfossen i Åmot - Rauland - Varland, Rauland - Vå og Arabygdi og frå Brubakk i Åmot til Tokke grensa. - Fritidsbustadar: Heile Møsstrond og frå Haukeli til Åmot
Varsling
Bålbrenning
Det er forbode å brenne bål i nærleiken av skog og utmark mellom 15. april og 15. september jf. forskrift om brannforebygging.
Brenning utanom dette tidsrommet skal godkjennast av brannvesenet ved leiar beredskap eller brannvakta i Vinje.
Brenning av flis, bygningsmateriale og anna søppel er forbode jf. forureiningslova
St. Hans bål:
- Søknad til leiar beredskap eller brannvakta i Vinje
- Det må ligge føre løyve frå grunneigar
All bålbrenning skjer på eige ansvar.
Utgifter brannvesenet måtte få på grunn av utrykking til bålbrann, kan bli kravd dekt av bålbrennar.
Renovering/reparasjon av pipe
Skifting og reparasjon/renovering av pipe er søknadspliktig etter pbl § 20-3 (søknad med ansvarsrett).
Det gjeld dersom det ikkje er søknad om anna i tillegg, (f.eks fritidsbustad).
Lenke til søknadsskjema 5174, Erklæring om ansvarsrett 5181, men treng ikkje nabovarsel.
Det blir gjeve løyve til tiltak på same måte som til f.eks fritidsbustad.