Mange kjem til eit korttidsopphald etter å ha vore innlagd på sjukehus. 
Andre treng tilsyn og oppfylgjing for ein kortare periode. 
Ved korttidsavdelinga er det 9 plassar.

Akutt døgnplass

To plassar er avsett til kommunal akutt døgnplass (KAD) for Tokke og Vinje kommune. Det er eit tilbod som er eit alternativ til sjukehusinnlegging og er retta mot pasientar med fastsett diagnose.

Rehabilitering

Tre plassar er tiltenkt rehabilitering, til dømes for opptrening etter sjukehusopphald eller til dei som treng annan opptrening.

Andre korttidsopphald

Fire plassar er for dei som treng ei form for korttidsopphald og oppfylging utan behov for sjukehusinnlegging. Pårørande kan få eit avlastingstilbod for sine om det er behov for ei pause i omsorgsarbeidet heime. 
Her kan ein også få tilbod om dag- eller nattopphald ein periode.