Ferdigattest

Ved søknad om ferdigattest må du stadfeste at tiltaket tilfredsstiller krav til ferdigattest. Du må opplyse om det er utført endringar jf. gjeve løyve, ev. sluttrapport for avfallshandtering med dokumentasjon, og stadfesting på at tilstrekkeleg dokumentasjon for driftsfasa (forvaltning, drift og vedlikehald) er overlevert eigar av byggverket. Ev. vilkår som er sett i byggjeløyve må vere dokumentert oppfylt. Søknaden må vere signert og det er berre den som har fått byggjeløyve som kan sende inn søknad om ferdigattest.

Mellombels bruksløyve

Ved søknad om mellombels bruksløyve skal du føre opp dato for når det er planlagt å søkje om ferdigattest,  kva du søkjer om bruksløyve for, og presisere detaljert kva for arbeid som står att fram mot søknad om ferdigattest. Attståande arbeid kan berre vera arbeid av mindre vesentleg betydning, og du må kunne stadfeste at tiltaket har tilstrekkeleg tryggleiksnivå  for å kunne ta det i bruk. Søknaden må vere signert og berre den som fekk byggjeløyve kan sende inn søknad.

Merk at søknad om bruksløyve skal vere unntaksvis, hovudregelen er at alle tiltak skal vere ferdigstilte og at det skal søkjast om ferdigattest. Søknaden må difor vera grunngjeven, og kommunen må i kvart enkelt tilfelle avgjera om det skal gjevast bruksløyve. Du har ikkje krav på å få bruksløyve.

Søknad

Fyll ut ferdigattest (blankett 5167) eller søknad om mellombels bruksløyve (blankett 5169) samt alle andre nødvendige vedlegg.

Plikt til å søkje om ferdigattest/bruksløyve før eit nytt tiltak kan takast i bruk fylgjer plan- og bygningslova § 21-10 og byggesaksforskrifta SAK10 kap. 8.