Informasjon om handsaming av saker er ein viktig del av kommunens internettsatsing. Når offentleg journal og utval ligg på nett, kan fleire fylgje med på kva som blir handsama. Større openheit og meir innsyn i kommunen sine aktivitetar er ein styrke for lokaldemokratiet.

Alle har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, med unntak av dokument som ikkje er offentlege heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn).

Postjournalen inneheld opplysningar om alle inn- og utgåande brev og intern N-notat i arkivdelane saksarkiv, eigedomsarkiv og næringsarkiv. Postjournalen inneheld ikkje opplysningar frå elev-, barnehage-, personal-, og flyktningearkiv. 

Du kan søkje i eInnsyn Postliste og bestille innsyn i dokument. Pga. kvalitetssikring blir opplysingar lagt ut 4 dagar etter journalføring og er tilgjengeleg i 3 månader. Postlista viser all inn- og utgåande post og interne notat for einingane i Vinje kommune.

Pasient- og klientsaker blir haldne utanfor internett. Partsinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18. Eventuelle spørsmål om innsyn i slike saker må rettast direkte til aktuell eining.

Opplysingar om dokument som er tre månader eller nyare, kan du søkje fram direkte på eInnsyn Postliste og fylle ut bestillingsskjema. Krav om innsyn skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf offentleglova § 29. Du har rett på svar i løpet av tre virkedagar. Om ikkje svar er motteke i løpet av fem virkedagar, er det å rekne som eit avslag som kan klagast på.

Du kan krevje innsyn i dokument eldre enn tre månadar skriftleg eller munnleg jf .offentleglova § 28. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller type sak. Ta kontakt på tlf. 35 06 23 00, postmottak@vinje.kommune.no eller klikk her for elektronisk skjema
Når det gjeld innsyn i saker som er arkivert i kommunen sitt fjernarkiv eller depot, må ein rekne med ventetid.
 

Avslag på krav om innsyn vil koma skriftleg og vil vise til aktuell lovheimel for avslag og opplysing om 3 veker klagefrist jf forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare beskrive i offentleglova § 31 og § 32.
Pris for innsyn er i utgangspunktet gratis, jf. lov om rett til innsyn i dokument § 8, men er sidetalet over 100 kan kommunen krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending.