Her finn du oss:

Integreringstensta har kontor i bankbygget nede i Åmot sentrum og ved Åmot skule.
Me er å treffe måndag til fredag kl. 08.00-15.30.

Busetting

Integreringstenesta er ansvarleg for å busette det talet på flyktningar kommunestyret vedtek at Vinje kommune skal ta imot.

Kommunestyret har vedteke at Vinje kommune skal ha ein desentralisert busettingspolitikk. Det vil seie at flyktningane som kjem til Vinje skal fordelast på bustadar i Edland, Rauland og Åmot.

Introduksjonsprogrammet

I Vinje kommune er det Integreringstenesta som har ansvaret for introduksjonsprogrammet. Målet med programmet er at nyankomne flyktningar skal lære norsk og kome raskt ut i arbeid eller utdanning.

Introduksjonsprogrammet starter opp innan tre månadar etter busetting. 
Programmet inneheld i hovudsak opplæring i norsk, samfunnskunnskap og språkpraksis. Opplæring i norsk står vaksenopplæringa i Vinje kommune for. Dei held til på Åmot skule og har tre klasser, såkalla VO1, VO2 og VOU. Deltakarane på introduksjonsprogrammet blir delt i klasser utifrå deira norsknivået.

Introduksjonsprogrammet fungerer som ein fulltidsjobb på 37,5 timar i veka med 5 veker ferie i løpet av året, og er løna med introstønad. Stønaden blir fastsett på grunnlag av grunnbeløp i folketrygd(G) x 2, på årsbasis og blir indeksregulert 1. mai kvart år. Stønaden er skattepliktig og deltakarar må søkje om skattekort. Stønaden blir utbetalt gjennom kommunens lønningskontor. Deltakarne i programmet har rett til eiga inntektsgivande arbeid på si fritid og i feriar.

Introduksjonsprogrammet kan vare inntil to år, med tillegg av godkjent permisjon. Perioden kan forlengast til tre år.

Alle deltakarar i programmet skal bli kjent med lokalt arbeidsliv, bygge nettverk, skaffe attestar, referansar, og auke sjansen for betalt arbeid på heil- eller deltid. Av den grunn skal alle deltakarane ut i språkpraksis så fort som mogeleg etter oppstart og helst innan 6 månadar.

Meir informasjon om introduksjonsprogrammet finn du på desse nettstadane:

Bustadar

Bustadsosial gruppe er ansvarleg for å finne bustadar til dei flyktningane som Vinje kommune tek imot etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). I denne gruppa sit bustadkonsulent, assisterande rådmann, avdelingsingeniør på  bygg, representant frå teknisk drift og infrastruktur (TDI), avdelingsleiar for psykisk helse og rus, og integreringskoordinator.

TDI er ansvarleg for å klargjere bustadane, medan Integreringstenesta skal kjøpe utstyr og møblar, leggje til rette, og rettleie dei nyinnflytta flykningane.

Fritid og aktivitetar for flykningane

Vaksenopplæringa underviser eit vanleg skuleår. Det vil seie at lærarane har fri i vinterferien, alle inneklemte dagar, tre veker sommarferie i tillegg til juli og haustferie. Desse dagane har Integreringstenesta ansvar for å lage eit opplegg for dei deltakarane som er elevar på vaksenopplæringa.

Integreringstenesta samarbeidar med blant anna frivilligsentralen, kultur, NAV, nabokommunar, og andre for å skape eit variert tilbod til deltakarane.
Det kan mellom anna vere tilbod som aktivitetsdagar med ski, matlaging og sosiale aktivitetar rundt eit bål. Dei same instansane har og treffpunkt der deltakarane lærer om omgrepet fritid, og kva for fritidstilbod dei kan finne i Vinje. I tillegg har flyktningane fått prøve yoga, fotball og volleyball.

Skyss for flykningar i helgene

Frå og med fredag 8. september 2023, kan flyktningane i Vinje kommune tinge seg skyss via Vinjenett.no

Ordninga er meint som eit prøveprosjekt i seks månadar, og for å bestille tur må du legge inn DUF- nummeret ditt. (tolvsifra nummer som vert gjeve til alle utlendinger som søker om opphald i Noreg).

Ordninga gjeld innom Vinje kommune sine grenser, i tidsrommet frå fredag kl. 12.00 til og med sundag kl. 24.00.

Her er lenke til vinjenett.no