Her får du hjelp dersom du har sjølvmordstankar

Ved akutte situasjonar - ring legevaka på 116 117 eller naudnummer 113.

Fleire tenester kan hjelpe deg om du har sjølvmordstankar eller har forsøkt å ta ditt eige liv. Du kan kontakte:

Frivillige organisasjonar kan hjelpe deg. Mange frivillige organisasjonar tilbyr støtte, informasjon og hjelp til menneske som har sjølvmordstankar. Fleire har hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper.

Hjelpetelefonar:

  • Kirkens SOS Norge er ei døgnåpen teneste på telefon og internett. Telefon, SOS melding og SOS – Chat.
  • Sidetmedord.no er ei netteneste som blir drive av Hjelpetelefonen 116 123. Hjelpetelefonen blir drive av interesseorganisasjonen Mental Helse.
  • Kors på halsen er drifta av Røde Kors. Her kan alle opp til 18 år ringe, sende e-post eller chatte og ta opp det som er viktig for dei.
  • Unghjelp er en ungdomsdriven organisasjon som delar og utvekslar erfaringar for å spreie kunnskap om psykisk helse blant ungdom i Noreg.

Organisasjonar:

Kva kan eg sjølv gjera når det blir vanskeleg?

Om tankane om å ta ditt eige liv blir fremtredande, er det bra å ha tenkt igjennom på førehand kva du sjølv kan gjera for å lette situasjonen. Lag deg ein krise-/tryggleiksplan som du kan ta fram om du treng den. Tenk igjennom og skriv ned kva som kan hjelpe deg for å unngå å handle ved sjølvmordstankar:

  • faresignal som til dømes tankar, følelsar og atferd du bør vera merksam på
  • tidlege teikn på krise og faktorar som aukar risiko for sjølvmordsadferd
  • hjelp du kan få frå familie, venner og øvrig nettverk
  • kontaktinformasjon til tenester og personar du ynskjer å involvere når teikn eller symptom er under utvikling og korleis du skal ta kontakt
  • Korleis du ynskjer å bli møtt og kva du meiner er god hjelp og behandling

Tilsette i helsetenesta kan hjelpe deg å lage ein krise-/tryggleiksplan.

Er du uroa for at nokon tenker å ta livet sitt?

Mange som er i ei krise veit ikkje kor dei skal henvende seg. Enkelte har det så vanskeleg at dei ikkje er i stand til å hjelpe seg sjølv. Då er det viktig at de som er i nærleiken tar eit initiativ og snakkar med vedkomande. Det å spørje nokon om dei har tankar om å ta sitt eige liv vil ikkje gjera det vanskelegare, det kan bidra til å redde liv.

Kva teikn kan du sjå etter?

Faresignal

  • Symptom på psykisk lidelse, særlig depresjon (tristhet, håpløshetsfølelse)
  • Sterk angst, rastlaus og/eller indre uro
  • Snakkar om å dø eller om sjølvmord
  • Sosial tilbaketrekning
  • Aukande bruk av rusmiddel
  • Tidligare sjølvmordsforsøk

Faresituasjonar

  • Tap eller brudd i nær relasjon
  • Andre tap eller negative livshendingar (jobb, utdanning, økonomi)
  • Utsett for vald eller psykiske traumar
  • Nyleg fått diagnostisert alvorleg fysisk sjukdom
  • Sosialt isolert

Kven kan eg kontakte for å få råd og rettleiing?

Fleire kommunale tenester kan gje råd og rettleiing om du er bekymra for om nokon du kjenner har tankar om å ta sitt eige liv. Du kan kontakte:

Mange frivillige organisasjonar tilbyr støtte, informasjon og hjelp til menneske som har sjølvmordstankar. Fleire har hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper

Hjelpetelefonar:

  • Kirkens SOS Norge er en døgnåpen teneste på telefon og internett. Telefon, SOS melding og SOS – Chat.
  • Sidetmedord.no er en netteneste som drives av Hjelpetelefonen 116 123. Hjelpetelefonen drives av interesseorganisasjonen Mental Helse.
  • Kors på halsen er drifta av Røde Kors. Her kan alle opp til 18 år ringe, maile eller chatte og ta opp det som er viktig for dei.
  • Unghjelp er en ungdomsdreve organisasjon som deler og utvekslar erfaringar for å spreie kunnskap om psykisk helse blant ungdom i Norge.

Organisasjonar:

Korleis snakke med born etter sjølvmord?

Når nokon har teke sitt eige liv, kan born få med seg meir enn me trur. Forklar på ein måte som er forståeleg og sannferdig utfrå bornets alder og modenheit.
Du kan lesa meir om dette her