Trening på resept

Sjukemeldt, eller i fare for å bli det? Høgt blodtrykk? Utmatta? Muskel/skjelettplager og/eller lettare psykiske lidingar? Eller treng du eit puff for å koma i gang med livsstilsendring? Kontakt fastlege, Nav eller Friskliv og meistring direkte for informasjon og henvisning. Resepten varer i 12 veker, der det er gruppetrening med fysioterapeut to gonger i veka. Målet er å finne vegen til eit betre liv gjennom lystbetonte fysiske aktivitetar, sosialt samvær og samtale.

Frisklivresepten. Les brosjyra "klart du kan" her

Opptur arbeid og helse

Opptur arbeid og helse er eit kurs i regi av Vinje Friskliv og meistring og Avdeling for psykisk helse og rus. Målsettinga med kurset er tidleg innsats for å ta i bruk nye meistringsstrategiar, styrke arbeidsevne og førebygge langvarig sjukemelding.

Kurset, som blir gjennomførd i tett samarbeid med NAV, er organisert med sju gruppesamlingar i veka, i totalt elleve veker. Kvar gruppesamling varer i tre timar. Dei fire fyrste samlingane utgjer bolk 1, med tema som motivasjon, verdiar, ressursar, informasjon frå NAV, og å utarbeide personlege mål for arbeid. I løpet av dei neste fire vekene får dei som ynskjer det individuell oppfylging av ein av kursleiarane, for å iverksette tiltak for å oppnå måla som er satt. Så møtest gruppa att i tre veker for å dele erfaringar og støtte kvarandre i gjennomføring av eigen målsettingsplan. Kurset inneheld også fysisk aktivitet i form av turar og rørslegruppe, leia av fysioterapeut, basert på psykomotoriske prinsipp.

Informasjon til deltakar
Informasjon til arbeidsgjevar og helsepersonell

Friskliv Senior

Eit tilbod til deg som er 65+

Kva er Friskliv Senior? 
Friskliv senior er ei samling av helsefremjande og førebyggjande tilbod til deg over 65 år. Menneske vil aller helst klare seg sjølve, derfor trur me på tydinga av å satse på helsefremjande og førebyggande aktivitetar. Helse er i stadig endring og kan reduserast gjennom sjukdom, aldringsprosessar eller andre endringar i livet. Men helse kan også forbetrast ved å fylle på med forskjellige faktorar som ein veit har positiv innverknad på helsa. Til dømes fysisk aktivitet, sosialt felleskap, tryggleik og høve til innverknad over eige liv.

Med tilbodet Friskliv Senior ynskjer me å gje deg som senior moglegheit til aktivitetar og ”påfyll” som kan bidra til å fremje og bevare god helse så lenge som mogleg.