Vinje satsar no stort på å få fleire til å bli og å flytte til Vinje.
Målet er å auke innbyggjartalet med 200 personar på 6 år. Saman med innbyggjarane, verksemder og akademiet, skal me finne dei beste løysingane for å auke innbyggjartalet.

Fyrste fase av prosjektet gjeng ut på å finne ut kva som er smart å gjera for å nå det hårete målet, deretter skal me gjennomføre tiltak.

I fase ein skal me m.a. finne ut fylgjande:

  • Kva har Vinje og andre liknande kommunar gjennomført tidlegare, som me kan dra nytte av vidare?
  • Kva er viktig for at ungdom/unge vaksne skal bli/komma attende til Vinje?
  • Kva er viktig for at eldre/middelaldrande innbyggjarar, og innvandrarar skal bli i Vinje? 
  • Kva skal til for å få hytteeigarar til å bli fastbuande i Vinje?
  • Korleis kan verksemder og kompetanseinstitusjonar bidra til å auke innbyggjartalet, og kva er viktig for at dei blir verande i kommunen?
  • Korleis bør kommuneadministrasjonen rigge seg for å bidra til ei auke i innbyggjartala, og ta vare på dei som allereie bur her med omsyn til infrastruktur, tenestetilbod og haldningar?

Ein avgjerande faktor for å lykkast er at me spelar på same lag, og spelar kvarandre gode.

Har du lyst til å bidra, eller har spørsmål kring prosjektet ta kontakt med prosjektleiar:
Tone Skau Jonassen
Tlf: 920 52 668
Epost: tone.skau.jonassen@vinje.kommune.no

Prosjektplan forstudie kan du lesa her