Vaktmeistaren kan komme heim til deg og hjelpe til med enkle, praktiske gjeremål, slik som mindre reparasjonar og vedlikehaldsarbeid. Du treng kanskje hjelp til å montere eller fjerne eit tekniske hjelpemiddel eller få installert ein tryggingsalarm.

Du kan kontakte koordinerings- og tildelingskontoret for å få hjelp til å søkje om vaktmeistarteneste, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg.

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.