Døme på tiltak

  • Mindre tiltak på eigedom som alt er bebygd med eit bustad/fritidsbustad:
  1. Eitt enkelt tilbygg inntil 50 kvm BRA/BYA.
  2. Ein enkelt frittliggande bygning som ikkje skal nyttas til å bu i, inntil 70 kvm BRA/BYA (døme garasje, bod).
  3. Bruksendring fra tilleggsdel til hoveddel (eller omvendt) innanfor ei brukseining (døme innreiing av kjellar, bodar).
  4. Oppføring av skilt- og reklmaeinnretning inntil 6.5 kvm montera flatt på vegg eller med høgde inntil 3,5 m og breidde 1,5 m frittståande på terreng.
    NB: dette vil ikkje gjelde der kommunen har vedtatt eigne retningsliner for skilt og reklame. I Vinje kommune har me slike retningsliner for Rauland:
    Skiltplan Rauland - føresegner
    Skiltplan Rauland - kart
  • Vanlege driftsbygningar i landbruket (gjeld både oppføring, plassering vesentleg endring, reparasjon, riving av eller bruksendring til driftsbygning inntil 1000 kvm BRA. Gjeld òg tilbygg til slik driftsbygning inntil totalt 1000 kvm BRA.
  • Midlertidige bygningar, konstruksjonar og anlegg som ikkje skal stå lengre enn 2 år.

Sjå Plan -og bygningslova (PBL) § 20-4 og byggesaksforskrifta (SAK10) kap.3 for utfyllande informasjon.

Søknad

  • Fyll ut skjema tillatelse til tiltak utan ansvarsrett (blankett 5153).
  • Skjema for nabovarsel (blankett 5155 og 5156). Blankett 5154 skal sendast til aktuelle naboar.
  • Situasjonskart i målestokk 1:500 evt. 1:1000 der tiltaket er innteikna.
  • Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100 evt. 1:50 (gamal og nye).
  • Dersom tiltaket er avhengig av dispensasjon/uttale/vedtak frå anna myndigheit, bør denne vere avklart på førehand.
  • Skjema for bustadspesifikasjon i matrikkelen (blankett 5176) dersom tiltaket omfattar bustader.

Merk: Når tiltaket er ferdig, må det sendast inn søknad om ferdigattest, blankett 5167.

Kart

Kart kan du skrive ut her

  • Tast inn gnr/bnr eller eigedomsadresse.
  • Du kan legge på eventuell reguleringsplan ved å velge kartlag. 
  • Skriv ut funksjonen ligg under Meny.

Slik finn du føresegner og plankart

Det er to måtar å finne vedteken reguleringsplan for ein eigedom/område på. Når du har fått opp rett plan får du opp detaljert planinformasjon. Her finn du plankart, føresegner, mindre endringar, oversikt over eventuelle dispensasjonar og vedtaksdato.

Trykk her for digitalt planregister
Her kan du søkje på eigedom, adresse, planid (plannummer) eller plannavn om du kjenner det.