Kva er ein ergoterapeut?
Ergoterapeuten er ekspert på aktivitet og deltaking, og arbeidar for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet uavhengig av funksjonsevne. Ergoterapeuten fremmar deltaking og inkludering med sin kompetanse på samspelet mellom person, aktivitet og omgivnadar. Tenesta kartlegg personen sine ynskjer og moglegheitar for aktivitet og deltaking. Deretter støttar ergoterapeuten personen si meistring med motivasjon og trening av konkrete aktivitetar i leik, læring, arbeid og kvardagsliv. Ergoterapeuten bidrar til løysingar når det oppstår eit gap mellom individets forutsetningar og samfunnets krav. Tenesta er meir oppteken av løysingar enn av problem, og søkjer etter enkeltindividets ressursar og interesser etter kva som er viktig for dei.
Ergoterapeutar har som oppgåve å:
- Tilrettelegge aktivitetar ved å forenkle eller tilpasse måten den blir utført på
- Tilpasse omgivnadar med universell utforming, bustadtilpasning, tekniske hjelpemiddel (til dømes rullator) og velferdsteknologi
- Trening og opptrening av fysisk funksjon, både fin- og grovmotorikk
- Identifisere personlege behov i form av utprøving og observasjon av aktivitetar, trening, samtaler, testar og undersøkingar
- Vurdere, søke, tilpasse og ha oppfølging på hjelpemiddel som kan bidra til å betre funksjon eller kompensere for tapt funksjon. Hensikten er at daglege aktivitetar kan lettare utførast.
- Tilpasse bustaden i form av fysiske endringar slik at menneske med funskjonsnedsetting kan fungere trygt og leve eit så fullverdig liv som mogleg.
- Jobbe rehabiliterande og hibiliterande innan barnehage, skule, arbeidsplass, heimen, omsorgsbustader og institusjonar
For barn og unge:
- Gje ein funksjonsvurdering av barnets moglegheit til å utføre daglege aktivitetar og delta i leik.
- Rettleie og gje informasjon om trening, stimulering og tilrettelegging for utvikling, og meistring i å utføre og delta i daglege aktivitetar i heim, barnehage, skule og fritid.
- Sørge for trening av ferdigheitar gjennom leik, læring og daglege aktivitetar. Målet med treninga er funksjonell bruk av kroppen og ulike sansar.
- Aktivitetstilpassing; legge til rette for passande krav mellom aktivitet og kvile. Sette krav til utfordring og meistring ut i frå den enkeltes forutsetning, utforme aktivitetsplan og finne fram til alternative måtar å utføre aktivitetar på.
- Øve på å vere sjølvstendig ved personlig stell, påkledning og måltid.
- Rettleie om korleis bustaden og/eller andre arenaer bornet erdas på kan tilpassas og gjera funksjonell.
- Bistå med å vurdere behov for tekniske hjelpemidler, søknad og opplæring.
- Informasjon om kultur- og aktivitetstilbod i nærmiljøet.
- Samordne tenestetilbodet med andre faggrupper.
For vaksne:
- Funksjonsvurdering og kartlegging av korleis enkeltindividet utfører sine daglege aktivitetar og ynskjer for framtida.
- Rettleie og gje informasjon om trening, stimulering og tilrettelegging for utvikling, og meistring i å utføre og delta i daglege aktivitetar i heimen, på jobb og på fritida.
- Aktivitetstilpasning: legge til rette for passande krav mellom aktivitet og kvile. Sette krav til utfordring og meistring ut i frå den enkeletes forutsetningar, utforme aktivitetsplan og finne fram til alternative måtar å utføre aktivitetar på.
- Rettleie om korleis bustaden og/eller andre arenaer personen ferdas på kan tilpassas og gjera funksjonell.
- Bistå med å vurdere behov for tekniske hjelpemiddel, søknad og opplæring.
- Informasjon om kultur- og aktivitetstilbod i nærmiljøet.
- Samordne tenestetilbodet med andre faggrupper.