Sertifiserte verksemder i Vinje kommune

Verksemder i kommunen som er miljøfyrtårnsertifisert

  • Kommunehuset, 2023
  • Norheimstunet, 2024

Årleg klima og miljørapport: 

Kva er Miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er eit miljøleiingssystem for offentlege og private verksemder som ynskjer å dokumentere sin miljøinnsats. Gjennom heilskapleg og langsiktig arbeid med miljøleiing, skal kommunen betre sine miljøprestasjonar, redusere klimagassutsleppa, og bidra til å vera ein berekraftig kommune.  

Arbeidet med miljøfyrtårn er delt inn i 2 delar:

  1. Miljøkartlegging 
  2. Årleg klima- og miljørapportering 

Miljøfyrtårn tek for seg 5 tema: 

  • HMS 
  • Transport
  • Energi
  • Avfall 
  • Innkjøp

Kven kan bli sertifisert som Miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn passar for alle typer verksemder, frå små og mellomstore verksemder og bedrifter, til store konsern, kommunar og fylkeskommunar. Miljøfyrtårn har i dag over 80 bransjekriterie, som betyr at Miljøfyrtårnarbeidet er tilpassa rammene for den enkelte verksemd. Les meir om korleis du blir sertifisert her

Kvifor bli sertifisert som Miljøfyrtårn?

Som Miljøfyrtårnbedrift får du hjelp til å setje i verk konkrete og lønsame berekraftstiltak, som har stor betydning for verksemdas konkurransekraft i åra framover. Ei Miljøfyrtårnsertifisering kan også bidra til å styrkje merkevare, redusere sjukefråvær, redusere kostnadar og vera eit kvalitetsstempel for bedrifter/verksmeder. Les meir her, på miljofyrtårn.no

For å vera eit Miljøfyrtårn må bedrifta/verksemda fyrst bli sertifiser, så må ein kvart år levere ein klima- og miljørapport. Verksemda blir resertifisert kvert tredje år.

Framdriftsplan for miljøfyrtårnsertifisering i Vinje kommune

Framdriftsplan for Miljøfyrtårnsertifisering i Vinje kommune