Vinje kommune ynskjer å gje ut informasjon til foreldre og føresette omkring kollektiv ulykkesforsikring for born i skular og barnehagar. Under vil me kome inn på dekning, erstatningsnivå med meir. Forsikringa gjeld plutseleg og uføresett ulykke som gir betydeleg og varig mein.

Når og kvar forsikringa gjeld: 

Innanfor skulens/barnehagens område under ordinær skule-/barnehagetid 
Under deltaking i undervisning, leikar, idrettsøvingar, ekskursjonar, stemner, reiser m.m. som føregår under skulens/barnehagens leiing 
På direkte veg til og fra skule/barnehage 
Under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som ein del av undervisninga. 

Kva forsikringa dekkjer: 

Ulykke som fører til varig medisinsk invaliditet, maksimalt 5,0 G 
Dødsfall som fylge av ei ulykke 0,5 G 
Samlet erstatning ved invaliditet og død, maksimalt 5,0 G 

1 G (grunnbeløpet i folketrygda) utgjer pr. 1. mai 2004 kr. 58 778,-. 

Behandlingsutgifter: 

Utgifter i samband med behandling etter ei ulykke, t. d. tannbehandling, fysikalsk behandling føreskriven av lege eller reise til og frå heimstaden for behandling eller forpleining i sjukehus kan dekkast heilt eller delvis. 

Behandlingsutgifter betalast i inntil 2 år frå skadedagen avgrensa til 5 % av forsikringssummen, det vil seie 0,25 G. Frå desse erstatningane trekkast ein eigenandel på kr 500. Ta vare på alle kvitteringar! 

Kva forsikringa ikkje dekkjer: 

Forsikringa omfattar blant anna ikkje ulykkesskader som skuldast bruk av rullebrett eller rulleskøyter, dersom skaden skuldast manglande bruk av sikkerheitsutstyr.