Vinje kommune har som mål å styrkje samarbeidet med pårørande. Me ynskjer tilbakemeldingar på korleis pårørande til brukarar av helse- og omsorgstenestene i kommunen opplever seg involverte og ivaretekne. I samband med dette arbeidet tek kommunen i bruk den nasjonale spørjeundersøkinga «Ivaretatt?». Undersøkinga rettar seg mot pårørande over 18 år, og er ei anonym undersøking som du kan svare på kvart år mellom 01.desember og 31.mars. Undersøkinga er elektronisk. Kommunen vil bruke resultata frå undersøkinga i sitt forbetringsarbeid.