«ER DET BERRE MEG?»

Livet skjer med oss alle! Det kan vera eksamen, vanskar i samlivet, sjukdom, konflikt på jobb, pårørande, økonomi og ulykker. Det påverkar oss på ulike måtar, mellom anna stress, bekymring, grubletankar, vonde kjensler som klumpar seg saman, irritasjon, søvnvanskar, muskelsmerter, fråver av glede, sjølvkritiske tankar, eller å jobbe mykje. Det er fort å tenkje at det er berre eg som slit med vanskelege tankar og kjensler. Men, me har alle ei psykisk helse!

På kurset vil du lære om ulike måtar å meistre utfordringar på, og du vil og få gode verktøy for å jobbe vidare med dette på eigehand, for å kunne bli din eigen terapeut. Kurset er gratis. 

Program for kurset: 

Samling 1: TANKEKLUSS 
Du vil får ei innføring i kva tankar, grubling og bekymring er, og ulike verktøy for å handtere dette.

Samling 2: KLUMP I MAGEN 
Du vil få ei innføring i kva kjensler er, kva kjensler me har, kva funksjonar dei har, stressrespons og korleis me kan handtere og tole vanskelege kjensler.

Samling 3: EG KAN 
Du vil få ei innføring i kva sjølvkjensle er, kva som kan styrkje og svekkje sjølvkjensla, forskjell på sjølvkjensle og sjølvtillit, og korleis sjølvkritikk påverkar oss.

Tid og stad: 

Tid: fredagar frå kl 12.30 - 15.00. Datoar: 1 mars, 8 mars, 15 mars

Stad: Brøløsvegen 47, 3840 Seljord (2 etasje, Kompetansebanken)

Korleis melder eg meg på kurset?

Du melder deg på kurset ved å ringje oss på telefon 90 67 01 30 i telefontida vår. 

Me håpar å sjå deg der, du er varmt velkommen! 💚