Sentralen fungerar som brubyggjar for menneske, frivillige organisasjonar, samanslutningar og det offentlege. Frivilligsentralen sin funksjon er i hovudsak å initiere, mobilisere og samordne frivillig innsats i kommunen. Sentralen stimulerar einskildpersonar og grupper i Vinje til å bruke seg sjølv i frivillig arbeid ved å:
- vere ein pådrivar og legge til rette for frivillig arbeid.
- vere ein ressurs for frivillig arbeid i Vinje.
- synleggjere eksisterande frivillig arbeid.
- utvikle gode samarbeidsformer mellom profesjonelle og frivillige.
- bidra til auka samarbeid mellom ulike frivillige organisasjonar og grupper.
- stimulere frivillige til å melde behov til frivilligsentralen og offentlege etatar.
- vere eit supplement til dei offentlege tenestetilboda
Dersom det er noko frivilligsentralen kan hjelpe deg med er det bare å ta kontakt på mail eller telefon. Vinje frivilligsentral har kontorplass på kommunehuset saman med kultur, det er også veldig triveleg om du vil koma innom her.