Vinje kommune ynskjer å gje ut informasjon til foreldre og føresette omkring kollektiv ulykkesforsikring for born i skular og barnehagar. Under vil me kome inn på dekning, erstatningsnivå med meir. Forsikringa gjeld plutseleg og uføresett ulykke som gir betydeleg og varig mein.
Når og kvar forsikringa gjeld:
Innanfor skulens/barnehagens område under ordinær skule-/barnehagetid
Under deltaking i undervisning, leikar, idrettsøvingar, ekskursjonar, stemner, reiser m.m. som føregår under skulens/barnehagens leiing
På direkte veg til og fra skule/barnehage
Under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som ein del av undervisninga.
Kva forsikringa dekkjer:
Ulykke som fører til varig medisinsk invaliditet, maksimalt 5,0 G
Dødsfall som fylge av ei ulykke 0,5 G
Samlet erstatning ved invaliditet og død, maksimalt 5,0 G
1 G (grunnbeløpet i folketrygda) utgjer pr. 1. mai 2004 kr. 58 778,-.
Behandlingsutgifter:
Utgifter i samband med behandling etter ei ulykke, t. d. tannbehandling, fysikalsk behandling føreskriven av lege eller reise til og frå heimstaden for behandling eller forpleining i sjukehus kan dekkast heilt eller delvis.
Behandlingsutgifter betalast i inntil 2 år frå skadedagen avgrensa til 5 % av forsikringssummen, det vil seie 0,25 G. Frå desse erstatningane trekkast ein eigenandel på kr 500. Ta vare på alle kvitteringar!
Kva forsikringa ikkje dekkjer:
Forsikringa omfattar blant anna ikkje ulykkesskader som skuldast bruk av rullebrett eller rulleskøyter, dersom skaden skuldast manglande bruk av sikkerheitsutstyr.