Hald fokus - ikkje la deg distrahere når du køyrer bil!
Illustrasjonsbilde Trygg trafikk - bilmodus
Trygg Trafikk sitt tema i november er fokus på bilmodus!
- Mobilbruk er ein kjent orsak til ulykker. Sjølv om handholdt mobil under køyring vart forbode i 2000, klarar me fortsatt ikkje å la den vera.
- Uoppmerksomheit, særlig knytt til bruk av mobiltelefon, er ein medverkande faktor til trafikkulykker.
- Eit enkelt varsel kan vera nok til å distrahere deg i hundrevis av meter, og aukar risikoen for ei ulykke med 66%.
- Når du aktiverar bilmodus på smarttelefonen, gjev du oss ei hjelpande hand i vårt mål om å senke ulykkesstatistikken i Noreg.
På Trygg Trafikk sine sider kan du lese meir om bilmodus