KOMP er eit hjelpemiddel til eldre og andre som har problem med å handtere moderne teknolog, som mobiltelefon og nettbrett. 

KOMP er ei perfekt løysing for familiemedlemmar som:

  • Strevar med å bruke moderne teknologi som nettbrett eller smarttelefon
  • Bur langt unna eller er isolert
  • Vil ta større del i kvardagen til heile familien

Med KOMP kan familiemedlem sende bilete og videoer til til dømes besteforeldre som ikkje har smarttelefon eller PC. Bileta vil rulle og gå som ei ljosbileteframsyning på kompen. Ein kan også ha videosamtale.

Kvar får du tak i ein komp skjerm?

  • Vinje Frivilligsentral låner ut gratis KOMP skjermar. Me har eit begrensa antal skjermar til utlån, men du kan stå på venteliste om der ikkje er ein skjerm ledig.
  • Komp skjerm kan du og få kjøpt i butikk.

Litt praktisk informasjon

  • Komp-skjermen krev at det er internett tilkopling i bustaden og denne må brukaren sjølv ordne og betale. 

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med Ea Kristine Bakken på frivilligsentralen på mobil 48 13 53 61 om du har nokon i familien som vil ha glede av dette.