Måndag 11. mars flytte Koordinering og tildeling inn i nye lokale på bankbygget (gamle NAV).
Me er glade for at heile avdelinga no er samla under same tak. Me har eit breidt innsatsområde, og i avdelinga jobbar miljøvaktmeistar, heimevaktmeistar, bustadkonsulent, demenskoordinator, kreftkoordinator, ergoterapeut for førebyggjande helsesamtaler, sakshandsamarar, rådgjevar og avdelingsleiar.
Kontakt og besøk
Treng du å snakke med nokon om kva for helsetenester det er mogleg å søkje på, anten som brukar eller pårørande, kan du gjerne ta kontakt med oss! Me kan også hjelpe deg med å finne søknadsskjema, timeliste for avlastning/støttekontakt, og elles drøfte mogelege behov for ulike tenester.
Døra inn i bygget vil vera låst inntil vidare. Du kan ringe oss på telefon 35 06 25 54, så kjem me ned og opnar for deg.