Båt
I medhald av motorferdsellova § 4 er ferdsel på innsjøar er tillate på vatn og vassdrag som er større enn 2 km².
I Vinje kommune er følgjande vatn utanfor Hardangervidda nasjonalpark større enn 2 km²: Bitdalsvatn, Bordalsvatn, Førsvatn, Holmavatnet, Kjelavatn, Langeidvatn, Langesæ (Vågsli), Langevatn, Lognvikvatn/Tansvatn, Møsvatn, Songa, Ulevåvatn/Ståvatn, Sæsvatn, Totak, Vinjevatn, Vråsjå, Våmarvatn, Øvre Langeidvatn.
I samband med jakt, garnfiske og stadbunden næring er det lov til å nytte motorfartøy med motor på maks 10 HK på vatn under 2 km², jf. §4 Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Vinje kommune, Telemark.
All anna bruk av båt må søkje dispensasjon etter motorferdsellova §6. Søknaden handsamast administrativt. Vedtaket på søknaden kan klagast på seinast innan 3 veker etter at ein har fått beskjed om vedtaket.
Søknaden må innehalde:
- Skildring av føremålet med transporten
- Kven som skal køyre
- Kvar (trasé eller område) det er bruk for transport
- Dato og tidspunkt som det er bruk for transport
Mangelfulle søknadar vil bli returnera.
Vasskuter
I medhald av §7 i Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Vinje kommune, Telemark er det eit generelt forbod mot all bruk av vasskuter i Vinje kommune.