Dette blir det siste nyheitsbrevet om næring frå kommunen som kjem på e-post. Frå no av vil me i staden bruke Civis-appen til å sende ut siste nytt om næring.

Civis-appen er kommunen sin nye informasjonskanal. Appen er gratis, og du kan laste den ned frå App Store eller Google Play på både mobiltelefon og nettbrett. Du vel sjølv kva for kategoriar du ynskjer å få informasjon om, og det finst ein eigen kategori for næring. Her vil me framover publisere alle nyheiter om næring. Du kan også velje å få varsling når det skjer noko nytt.