Du må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta som kan takast med i vurderinga, er
- om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
- om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
- om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
- om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om omsorgslønn. Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg. Ta kontakt med tildelingskontoret dersom du treng hjelp til å søkje.
Lovar og retningsliner
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Det vil seie at kommunen har plikt til å løyve pengar til omsorgsløn på sitt budsjett. Omsorgsytaren har likevel ikkje automatisk rett til å få omsorgsløn.