Trimordninga frå 2008 har vorte tru tradisjon for tilsette i Vinje kommune. Målsettinga er å motivere på eit lågterskelnivå til å vere i fysisk aktivitet. Som arbeidsgjevar ynskjer Vinje kommune at dei tilsette skal ha ei god oppleving å vere aktive, noko som har ein førebyggande helsegevinst og er gunstig for å auke jobbnærværet.
Premiane er gåvekort på 600 og 1200 kr, som vert nytta på dei lokale sportsbutikkane. I tillegg er det trekking av tre større premiar frå sportsbutikkane og arbeidsgjevar. Kostnadane for ordninga er vel anvendte midlar for å auke trivsel og å vere ein attraktiv arbeidsplass. Rådmannen seier det er god tradisjon å møte sportsbuine på denne måten og takkar for at dei stiller opp. Vinjetilsette kan no gjere seg klare for ein ny og aktiv sesong.
- premie verdi kr 12 000, Sport1 Åmot.
Ida Reine Sandok, Helse og Meistring - premie verdi kr 10 000, gåvekort frå Vinje kommune.
Reidun Nystog, Kyrkja - premie verdi kr 6 000, gåvekort Rauland fjellsport.
Kristianne Thomassen, Åmot skule