Mindre frittliggjande bygning
som oppførast på eigedom som alt er bebygd med bustadhus og som ikkje skal brukast til å bu i.
Vilkår:
- BRA/BYA ikkje over 50 m2.
- Mønehøgde ikkje over 4,0 m.
- Gesimshøgde ikkje over 3,0 m.
- Kun 1 etasje og ikkje med kjellar.
- Bygningen kan bli plassert inntil 1 m frå nabogrense og annan bygning på same eigedom (men minst 2 m til bygning på annan eigedom).
- Bygningen kan ikkje bli plassert over leidningar i grunnen.
- Tiltaket må vere i tråd med krav i gjeldande reguleringsplan for eigedommen og ikkje i strid med andre lovverk (som veglova/byggjegrense mot veg, kontakt Statens vegvesen, eller jernbanelova/byggjegrense mot jernbanespor, kontakt Bane NOR)
Tilbygg som ikkje inneheld rom til varig opphald
eller til å bu i (dvs. ingen form for innbygde rom, verken kjøkken, stoge, soverom, våtrom, arbeidsrom, entrè, gang etc.). Tilbygget kan vere til dømes terrasse, ope overbygd inngangsparti, enkelt takoverbygg med understøtting, søppelskur, ved- eller sykkelbod.
Vilkår:
- Inntil 15 m2 BRA/BYA.
- Maksimalt knytte seg til 2 etasjar på eksisterande bygg.
- Må vere understøtta med eige bæresystem.
- Bygningen må bli plassert etter plan- og bygningslovens reglar om avstand (dvs. normalt minst 4 m til nabogrense).
- Tiltaket må vere i tråd med krav i gjeldande reguleringsplan for eigedommen og ikkje i strid med anna lovverk (som veglova/byggjegrense mot veg, kontakt Statens vegvesen, eller jernbanelova/byggjegrense mot jernbanespor, kontakt Bane NOR).
Mindre tiltak i eksisterande byggverk
Som for eksempel:
- Ikkje-bærande vegg innafor ei branncelle eller lydområde.
- Reparasjon av bygningstekniske installasjonar.
- Installering, endring og reparasjon av våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseining/branncelle.
- Installering og endring av enkle installasjonar i eksisterande bygg innanfor ei brukseining/branncelle.
- Installering, endring og reparasjon av ildstad i eksisterande bygg innanfor ei brukseining/branncelle
Mindre tiltak utandørs
- Levegg med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 10 m. Avstand til nabogrense minst 1 m.
- Levegg med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 5 m. Kan bli plassert inntil nabogrense.
- Innhegning mot veg med inntil 1,5 m høgde. Må ikkje vere tett eller hindre fri sikt.
- Skilt- og reklameinnretning inntil 3 m som blir montert flatt på vegg. Kun 1 stk. (NB: dette vil ikkje gjelde der kommunen har vedtatt eigne retningsliner for skilt og reklame. I Vinje kommune har me slike retningsliner på Rauland.
Skiltplan Rauland - føresegner
Skiltplan Rauland - kart - Antennesystem med høgde inntil 5,0 m. Parabol kan ha diameter inntil 1,2 m, panelantenne som blir plassert på vegg kan ha høgde inntil 2 m. Kun 1 stk, gjeld ikkje ved fare for personsikkerhet.
- Mindre støttemur på inntil 1 m høgde og avstand frå nabogrense på minst 1 m, eller støttemur på inntil 1,5 m høgde og avstand frå nabogrense på minst 4 m.
- Mindre fylling eller planering av terreng. Må ikkje endre terrengnivå med meir enn 3 m i spreiddbygd strøk, 1,5 m i tettbygd strøk, eller 0,5 m for rekkje- og kjedehus. Avstand frå fyllingsfot til nabogrense må vere minst 1 m.
- Mindre graving av kablar.
- Lokal drenering, og reparasjonar ved rør- og leidningsbrot.
- Intern veg på tomta og biloppstillingsplassar for tomtas eigen bruk som ikkje krev vesentleg terrenginngrep. Avstand til nabogrense må vere minst 1 m.
Fasadeendring
som ikkje fører til at bygningens karakter blir endra, samt tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring. Merk at nokre bygningar kan vere verna eller verneverdige. I slike tilfelle er det alltid søknadsplikt og du må ta kontakt med Telemark fylkeskommunen ved kulturminnevern.
Sjå plan -og bygningslova (PBL) § 20-5 og byggesaksforskrifta (SAK10) § 4-1 for utfyllande informasjon.
Det er viktig å merke seg at sjølv om det er unnatak for søknadsplikt gjeld alle krav i plan- og bygningslova med tilhøyrande føresegner fullt ut, og det er tiltakshavar sjølv som vil vere ansvarleg for at tiltaket tilfredsstiller gjeldande krav. Tiltakshavar vil også vere ansvarleg for å kontrollere at tiltaket er i tråd med gjeldande kommuneplan/reguleringsplan for eigedommen, og for at tiltaket ikkje er i strid med anna regelverk (som veglova eller jernbanelova).