Kva søkjar må gjera
- Du må søkje om endring av grenser. Med søknaden legg du eit kart som viser korleis grenser skal endrast.
- Søknaden må vera underskriven av heimelshavar/eigar.
- Eigarar av eigedomar som vert berørte, må gjeva samtykke til grenseendringa.
- Søknad om endring på fastsette skjema sendast til kommunen med heimelshavar/grunneigar si underskrift.
Lenke til søknadsskjema finn du her
- Legg ei kartskisse med søknaden som viser arealet som skal frådelast.
Kartskisse kan du hente/skrive ut her
- Sende ut nabovarsel, du kan også sende elektronisk nabovarsling.
- Det må også sendast inn gjenpart av nabovarsel samt kvittering for nabovarsel.
Naboane skal ha kopi av dei same vedlegga som vert sendt til kommunen.
Kva gjer kommunen
- Søknaden din vil bli handsama i kommunen.
- Blir søknaden din av ein eller annan grunn avslegen, blir du varsla om dette.
- Om søknaden din blir godkjend, vil du og andre aktuelle partar bli varsla om tid og stad for når grenseendringa skal gjennomførast.
- I oppmålingsforretning vert nye eigedomsgrenser sett ut, merkt med offentleg godkjende grensemerke, målt inn etter gjeldande reglar og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
- Matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom sender me til deg.
Kostnader
Oppmålingsgebyr
Vinje kommune sitt gebyrregulativ for arbeid etter Matrikkellova.
Grensejustering pk. 1.3
Arealoverføring pkt 1.4
Prisar finn du her
Eventuelle andre kostnader
I enkelte høve kan sakshandsaming etter Plan- og bygningslova utløyse gebyr.
Prisar finn du her
Ved arealoverføring må du betale tinglysingsgebyr og dokumentavgift.
Tinglysingsgebyr
Dokumentavgift er 2,5% av marknadsverdi på det overførte arealet.