USN sitt Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst, folkemusikk og folkekunst
Flytte til Vinje - kampanje
Kommunen ynskjer å motivere studentar til å melde flytting til Vinje kommune, slik at me kan gje studentane endå betre servicetilbod og tenester under heile studietida. Kvart år vil det vera ein kampanjeperiode i tidsrommet 1. august–1. november.
Studentar som melder flytting til Vinje i kampanjeperioden får anten eit gåvekort til kjøp av sykkel og hjelm på kr 7 000, eller eit tilskot til kjøp av pc til bruk i utdanninga på kr 7 000.
Kriterie for å få tilskot
- Du må vera student og kunne leggje fram gyldig studentbevis.
- Du må ha meldt flytting frå ein annan kommune til Vinje kommune etter 1. august det aktuelle året, og må kunne leggje fram flyttemelding frå Skatteetaten om ny adresse i Vinje kommune.
- Du forpliktar deg til å ha bustadadresse i Vinje kommune under heile studietida.
- Registreringsfrist: 1. november det aktuelle året.
Dette får du når du melder flytting til Vinje
- Stemmerett i Vinje, slik at du kan påverke politikken.
- Betre kommunale tenester ved at kommunen får auka økonomiske rammer per nye innbyggjar.
- Gåvekort til sykkel eller pc
Slik melder du flytting
- Gå inn og registrer flytting via nettsidene til Skatteetaten.
- Etter om lag ei veke vil du motta brev frå Skatteetaten om at di nye adresse er registrert.
- Fyll ut registreringsskjema og send denne, saman med stadfesting på flytting og gyldig studentbevis til postmottak@vinje.kommune.no
- Du vil innan fire veker motta ei stadfesting av di registrering og samstundes eit gåvekort på sykkel eller pc.
Registreringsskjema finn du her
Studentmeldinga
Studentmeldinga 2018-2021 er ein plan for utvikling av Rauland som studiestad og Vinje som vertskommune. Den vart vedteke av Vinje kommunestyre i sak 18/56, 28. juni 2018.
Meldinga kan du lese her