Vinje kommune er den største kommunen i Telemark, med om lag 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg ved foten av Hardangervidda nasjonalpark. Vinje har spelt ei viktig rolle i høve industrihistoria og er difor på UNESCO si verdsarvliste. Vinjeskulen er oppteken av samskaping og samarbeid på tvers av einingar.

Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg og idrettsanlegg med symjehall vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring. Alle fag og trinn i barneskulen/ ungdomsskulen er aktuelle, men det er særleg trong for fylgjande kompetanse: Engelsk, matematikk, naturfag, kunst og handverk, musikk og kroppsøving. Me ynskjer også å knytte til oss lærarar med kompetanse i pedagogisk bruk av gaming.

Arbeidsoppgåver  

  • Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med LK20
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane med god klasseleiing 
  • Delta i og bidra til lærande fellesskap ved skulen
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Kontaktlærarfunksjon og andre funksjonar i skulen kan bli lagt til jobben

Kvalifikasjonar  

  • Formell undervisningskompetanse i aktuelle fag
  • Godkjend lærarutdanning 1.–7. trinn eller 5.–10. trinn ift. opplæringslova 
  • God fag- / metode- / relasjonskompetanse 
  • Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT 

Personlege eigenskapar  

  • Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
  • Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar 
  • Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring  
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar  
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar  
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du tek ansvar og er profesjonell  
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø  
  • Du er engasjert i leik og samhandling med elevar

Me tilbyr 

  • Flotte og engasjerte elevar frå alle verdshjørne 
  • Eit engasjert elevråd 
  • Trimkort-ordning   
  • Kantine med gratis skulemat for elevar og tilsette 
  • Kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad
  • Løn etter avtale  
  • Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Kontaktlærar har eit tillegg på kr. 42.000,- pr. år for 1.-4. trinn / kr. 30.000,- pr. år for 5.-10. trinn
  • Nyutdanna lærarar får rettleiing  
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

Generell informasjon  

  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing  
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden  
  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. 
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette 

Søknaden må bli sendt på elektronisk skjema. Lenke til skjema finn du her

Velkomen som søkjar!