Vinje kommune arrangerer dei årlege seniordagane i veke 22 og 23, og ynskjer seniorar, pårørande, tilsette og andre velkomne til deltaking.

Kva skjer desse dagane:

Tysdag 28. mai - dagseminar på Raulandsakademiet, kl. 10-15

  • Foredrag ved Geir Selbæk «Demens - kan det førebyggast eller behandlast, og korleis leve best med sjukdommen»
  • Presentasjon av Innsatstrappa og Bustadtrappa ved Rune Holbæk frå Agenda Kaupang   
  • Informasjon frå tilsette i kommunen
    • Førebyggjande helsesamtale og bustadrettleiing
    • Informasjon om ulike kommunikasjonskanalar
  •  Underhaldning, og tid til mat og prat

Onsdag 5. juni - kveldsarrangement på Vinjehuset, kl. 19.00

  • Foredrag ved Per Anders Nordengen «Å eldest med begeistring»
  • Arrangementet er ope for alle, både innbyggarar og tilreisande. Du kan kjøpe billett ved inngangen eller på eBillett

Fredag 7. juni - tur i regi av Frisklivsentralen

Denne gongen går turen langs Fløtarvegen, rundt Hyllandsfossen i Åmot. Aslak Olsnes Hylland frå Vinje historielag er turguide. Oppmøteplass og tidspunkt for frammøte blir annonsert så snart det er klart, sjå annonse på «Kva skjer».

Vidopne dører på Vinje sjukeheim og omsorgssentra 

  • Vinje sjukeheim: tysdag 4. juni, kl 11.00-17.30
  • Norheimstunet:   fredag 31. mai, kl 11.00-17.30

Me serverer mat, kaffe og kake heile dagen, og det blir underhaldning. 

Grunna ombygging blir det vidopne dører på Rauland omsorgssenter 23. august. 
 

Gled dykk til fine dagar med ulike tema og aktivitetar.

Program for arrangementa ser du på aktivitetskalenderen «Kva skjer i Vinje» 
Lenke til Kva skjer i Vinje finn du her

Har du spørsmål, ta kontakt med Tenestetorget på telefon 35 06 23 00