Kva søkjar må gjera og søknadsskjema
- Søknad om deling på fastsette skjema sendast til kommunen med heimelshavar/grunneigar si underskrift.
- Begge desse skjemaene må fyllast ut: Skjema 1 Skjema 2
- Legg ei kartskisse med søknaden som viser arealet som skal frådelast. Kartskisse kan du hente her
- Sende ut nabovarsel Du kan også sende elektronisk nabovarsling. Det må også sende inn gjenpart av nabovarsel samt kvittering for nabovarsel.
Naboane skal ha kopi av dei same vedlegga som vert sendt til kommunen.
Kva gjer kommunen
- Søknaden din vert handsama i kommunen.
- Blir søknaden din av ein eller annan grunn avslegen, blir du varsla om dette.
- Om søknaden din blir godkjend, vil du og andre aktuelle partar bli varsla om tid og stad for når frådelinga skal gjennomførast (oppmålingsforretning).
- I oppmålingsforretninga vert nye eigedomsgrenser sett ut, merkt med offentleg godkjende grensemerke, målt inn etter gjeldande reglar og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
- Matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom sender me til deg.
Kostnader
Oppmålingsgebyr
Vinje kommune sitt gebyrregulativ for arbeid etter Matrikkellova: Oppretting av matrikkeleining pkt. 1.1
Prisar finn du her
Eventuelle andre kostnader
Handsaming av søknad om deling etter Plan- og bygningslova
Prisar finn du her
Det frådelte arealet vert oppretta som ny eigedom med eige gnr/bnr i grunnboka (tinglyst) og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
Tinglysingsebyr finn du her