Enkeltarrangement
- Rigging og rydding skal reknast med i leigetida, leigetakar er ansvarleg for dette.
- Det er ikkje tillate å bruke levande ljos i dei kommunale bygga. Det kan gjerast unntak, men dette må avklarast med vaktmeistar.
- Leigetakar må ha ein brannvernrunde med vaktmeister før arrangement dersom arrangementet er utanom vaktmeister si arbeidstid.
- Lån av lydanlegg må avklarast på førehand.
- Er det eit ope arrangement der det skal nytast alkohol må ein søke om tidsavgrensa skjenkeløyve.
Les meir om tidsavgrensa skjenkeløyve her
Faste aktivitetar
- Aktivitet utover ein månad.
- Fast søknadsfrist på våren, ellers fortløpande.
- Om fleire søkjarar ynskjer same hus/rom til same tid og alternative stader/tider ikkje let seg ordne, må kommunen avgjere kven som skal vike.
- Kulturaktivitetar og andre tilskipingar har fyrsterett på festsalane.
- På dagtid har skulane fyrsterett til bruk av idrettshallar og basseng i samsvar med timeplanane.
Leige av bord og stolar
Bord og stolar kan leigast frå dei ulike husa.
Kr 10 pr. stol og kr 20 pr. bord.