Hei, eg er tilsett som Vinjelos. Kort fortalt skal eg jobbe for å auke folketalet i kommunen vår, og samstundes vera med å bidra til at dei som bur her trivst. Det kjem til å koma oppdateringar på heimesida ein gong i månaden, som eg har kalt Vinjelosen sitt hjørne, fylg gjerne med her.
Som ein del av folkevekstsatsinga, er Vinje èin av pilotkommunane i Fortidsminneforeininga si satsing Ljos i gamle hus. Lenke til sida finn du her.
Eg er prosjektleiar lokalt. Målsettinga er at tomme og aude hus i Vinje skal bli sette i stand å få nytt liv.
Bygningsvern og gjenbruk står sentralt, og alle type bygg inngår i prosjektet. Om du har eit tomt, gamalt bygg som du ynskjer å sette i stand, så ta gjerne kontakt om du ynskjer hjelp til stader å søke midlar, rådgjeving eller har generelle spørsmål kring prosjektet Ljos i gamle hus.
Det blir digital søknadsverkstad 20. april i regi Fortidsminneforeininga/Ljos i gamle hus. Meir informasjon om dette kjem.
Generelt for mitt virke framover - fokusområder for 2023:
- Kartlegging og arbeid kring bustadtilhøve
- Korleis ta imot nytilflutte på best mogleg måte
- Samarbeid bygdefolk, næringsliv, Visitaktørane m.fl.
Om nokon sit med gode idear og innspel til korleis me kan få raskare og større vekst i folketalet, er de velkomne til å lufte dei med meg.
Eg har kontor på kulturkontoret, og her er døra open. Ta gjerne kontakt på førehand om du ynskjer eit møte..
Eg gler meg til jobben vidare, i lag med dedikerte kollegaer, og eit engasjert lokalsamfunn !
Det er oppretta ein nettstad som heiter Vinjenaturlegvis.no, som er ein fin digital portal for dei som ynskjer å flytte til Vinje, men også fin å sjå på og vise til for innbyggarane i kommunen vår. Du ser link til sida her.
Med helsing
Silje Hagen
Vinjelos
Aktuelle lenker:
Vinjelosen på sosale media:
- Instagram: @vinjelos
- Snapchat: Vinjelosen
- Facebook: @Vinjelosen