Skulefritidsordning(SFO) for 2026/2027, og skuleinnskriving
Skulefritidsordning(SFO) for 2026/2027
Tilbodet gjeld for 1. til 4. klasse. Dei som allereie har plass treng ikkje søkje på nytt, men beheld plassen fram til ei eventuell endring eller oppseiing. Me tek atterhald om endringar i tilbodet, og at ikkje alle ynskja kan bli imøtekomne.
📌 Frist for å søkje plass i skulefritidsordninga er 1. mai 2026, og søknadsskjema finn du her. Lenke til et annet nettsted.
Skuleinnskriving 19. mars
Alle barn som skal starte i 1. klasse i Vinje kommune hausten 2026, blir med dette invitert til å møte på den skulen de soknar til, for skuleinnskriving torsdag 19. mars. Klokkeslett for innskrivinga får de i brev frå skulen.
Velkomne som elevar i Vinjeskulen 🌼
Sist oppdatert
