Vegarbeid og stenging av Fv 3410 Flatland - Austbø i haust

Telemark fylkeskommune melder om at dei skal utbetre to strekningar på Fv 3410 i Øyfjell i haust.

Det gjeld to ulike strekningar mellom Flatland og Austbø, på omlag 5,5 kilometer til saman. Frå Flatland til Lognviksvatnet og rundt éin kilometer frå Austbø og nedover.

I samband med arbeidet blir vegen stengt i om lag ei veke, frå om med 14. september til 20. september. Det blir skilta omkøyring.

Etter 20. september blir det utført arbeid på same strekningane, men då blir det trafikkregulering slik at trafikken kan passere.

Arbeidet består av forsterking av dagens vegkropp inkludert utskifting av stikkrenner, justering av sideterreng og ny asfalt.

Dei reknar med at det blir arbeid på strekningane i alle fall ut oktober månad.

For meir informasjon, kontakt:
Arne Kleivstaul, byggjeleiar på telefon: 92 26 94 75

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?