Vellukka koordinatoropplæring for helse og oppvekst
Gjennom tre dagar har 25 tilsette frå helse og meistring og oppvekst delteke i opplæring for koordinatorar.
Me ynskjer eit felles system på tvers av tenester og kommunalområde, som skal bidra til at barn, unge, familiar og vaksne med behov for fleire tenester opplever samanheng og heilskap i tenestene dei mottek.
Me har utarbeidd nye retningsliner og malar for dette arbeidet, og det er innført eit nytt begrep for det som tidlegare heitte ansvarsgruppe, no heiter det oppfylgingsteam.
Målet er at deltakarane i opplæringa skal vite kva koordinator- og barnekoordinatorordninga er, få auka kunnskap om ansvaret i rolla, og kjenne til dei viktigaste lovkrava. Dei skal også kjenne kommunen sine rutinar og verktøy, styrkje samarbeidet mellom tenestene, og vite kva støtte dei kan få frå ressursteamet. Eit viktig poeng er også at koordinatorane skal kjenne seg tryggare i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar.
Mona Haugen og Anne Sem Lofthus leiar ressursteamet i kommunen, og har stått for opplæringa. Mona er avdelingsleiar på tildelingskontoret og Anne er fagrådgjevar i helse og meistring.
Sist oppdatert
