Vil du bli ein småjobbar?
Vinje Frivilligsentral ynskjer å starte ein småjobbsentral i kommunen. Småjobbsentralen skal hjelpe innbyggjarar som treng hjelp til mindre oppdrag.
Kva er ein småjobb?
Ein småjobb er ei enkel arbeidsoppgåve som det ikkje er naturleg at profesjonelle aktørar eller offentlege tenester tek seg av. Oppdraga skal ikkje konkurrere med lokalt næringsliv.
Roller i småjobbsentralen
- Småjobbar
Ein småjobbar kan utføre enkle oppgåver, til dømes vask, grasklipping, raking av lauv, mindre saumeoppdrag, transport av søppel eller snømoking. Kven som helst kan bli ein småjobbar, også ungdom. Løna er 200 kroner per time og blir betalt av den som bestiller oppdraget. - Koordinator
Me treng minst fire frivillige som kan dele på koordineringsarbeidet. Koordinatorane får oppdrag frå Frivilligsentralen og tek kontakt med småjobbarar for å finne nokon som kan utføre oppdraget. Koordinatorane får ei liste med namn dei kan kontakte. Arbeidstida for koordinatorar er ein onsdag i månaden, kl. 12.00–14.00, på biblioteket i Åmot.
Døme på oppdrag
- vask og rydding
- klipping av gras og raking av lauv
- snømoking
- mindre saumeoppdrag
- transport av søppel eller småting
Vil du vera småjobbar eller koordinator?
Ta kontakt med Vinje Frivilligsentral dersom du ynskjer å vera småjobbar, bidra som koordinator eller har spørsmål om ordninga.
- Telefon: 481 35 361
- E-post: frivilligsentralen@vinje.kommune.no
Sist oppdatert
