Framtidsretta bu- og omsorgsløysingar i Vinje
Vinje kommune arbeider for tida med å utvikle gode og framtidsretta bustadløysingar for innbyggjarane våre. Det overordna målet er å kunne utvikle buformer som bidreg til tryggleik, livskvalitet og meistring gjennom ulike livsfasar, også når behovet for helse- og omsorgstenester aukar.
Bu- og omsorgsløysingane skal legge til rette for at innbyggjarane våre kan bu trygt og sjølvstendig så lenge som mogleg, samstundes som kommunen kan tilby gode og berekraftige helse- og omsorgstenester tilpassa innbyggjarane sine behov. Dette omfattar utvikling av heile spekteret av bustad- og omsorgstilbod, frå eigen bustad og tilrettelagde bustader, til omsorgsbustader og sjukeheim.
For å lukkast må kommunen planleggje bustader, tenester, teknologi og nærmiljø i samanheng. Dei vala som blir gjort i dag vil vere avgjerande for korleis Vinje kan levere gode tenester i framtida.
- Vinje kommune har informasjon og analysar som gjev oss grunnlag for å planlegge bustadutviklinga dei komande 15 åra.
- Basert på kommunen si demografiske utvikling har Agenda Kaupang berekna at innbyggjarane fram mot 2040 vil etterspørje kring 200 sentrumsnære bustader. Samstundes er kommunen tilrådd å byggje 20-24 omsorgsbustader både i Åmot og på Rauland.
- Med atterhald om politisk godkjenning, vil Vinje kommune i løpet av dei neste to åra starte byggeprosessar i Åmot og Rauland rundt utbygging av aldersvennlege bustader, omsorgsbustader, sjukeheim og Vinje helsesenter.
- For Øvre Vinje er behovet for omsorgsbustader i denne omgang dekt gjennom utbygginga som no går føre seg ved Norheimstunet.
Dine innspel er viktige!
For å kunne utvikle gode løysingar som møter framtidige behov, ynskjer me innspel og medverknad frå innbyggjarane. Me inviterer difor til ei kort spørjeundersøking, og opne møte på Rauland og i Åmot, der du kan kome med innspel og erfaringar.
Her kan du koma med innspel:
- 25. august
Spørjeundersøking blir publisert på heimesida og i Friskus-appen. - 9. september
Innbyggjarmøte om moglege omsorgsbustader og aldersvennlege bustader på Rauland.
Kommunedirektør og kommunalsjef for Helse og meistring orienterer om behov og planar. Det statseigde eigedomsselskapet Allstad vil presentere sine moglege løysingar og tilbod. Agenda Kaupang vil presentere sin rapport om Vinje sine behov, og tilrådingar om «kloke grep».
Møte er på Raulandsakademiet kl. 18.00. Ordførar vil leie møtet. - 22. september
Innbyggjarmøte om omsorgsbustader i Åmot og utbygging av Vinje sjukeheim og Vinje helsesenter
Kommunedirektør og kommunalsjef for Helse og meistring orienterer om behov og planar. Sør Arkitekter vil presentere førebels skisser. Agenda Kaupang vil presentere sin rapport om Vinje sine behov, og tilrådingar om «kloke grep».
Møte er på Vinjehuset kl. 18.00. Ordførar vil leie møtet.
Sist oppdatert
