Vinje kommune på yrkesmessa 2026

Me deltok på yrkesmessa ved Vest-Telemark vidaregåande skule torsdag 5. november, der me hadde fokus på rekruttering av lærlingar

Me var så heldige å ha med oss 4 lærlingar innan fagområda Helse og omsorg, og IT.

Lærlingane frå helse og omsorg var godt synlege, og gjekk rundt for å snakke med ungdom om helsefaget, læretida og korleis det er å jobbe i Vinje kommune.

Lærlingen i IT faget hadde konstruert eit Pacman-liknande dataspel for anledninga, og inviterte ungdommane til konkurranse om å få høgast toppscore i spelet. Med seg hadde ho rettleiaren sin, Øyvind Nordahl, og saman gav dei informasjon om IT faget og variasjonane i arbeidet deira i Vest Telemark driftssenter (VTDS).

Me vil takke lærlingane våre for den gode jobben dei gjer i det daglege, og sjølvsagt for den flotte innsatsen på årets yrkesmesse👏😊

Er du interessert i lærlingplass?

👉 Her kan du lese meir om lærlingplass hos Vinje kommune Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?