Krisesenter
Har du vore utsett for vald og treng ein stad å bu, eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på?
Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle tilsette har teieplikt.
Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som blir råka.
Kvinner, menn og born som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar, kan ta kontakt.
Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.
Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret.
Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, vil kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.
Krisesentret kan tilby
- Nokon som lyttar til deg.
- Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte.
- Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og borna dine.
- Fysisk skilde butilbod til kvinner og til menn.
- Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar.
- Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde.
Kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller trusslar i nære relasjonar, kan ta kontakt.
Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.
Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal vera trygg på senteret.
Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.
Nyttige nettsider
- Krisesenteret i Telemark: http://krisesenteretitelemark.no/ Lenke til et annet nettsted.
- Overgrepsmottaket i Skien: https://www.overgrep.no/hvor-er-overgrepsmottaket-i-skien/ Lenke til et annet nettsted.
- Senter mot incest og seksuelle overgrep i Telemark: https://smisotelemark.no/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Krisesentersekreteriatet: https://www.krisesenter.com/ Lenke til et annet nettsted.
- Politiet - hvor lite skal du finne deg i? https://www.politiet.no/rad/vold-i-nare-relasjoner/er-du-utsatt-for-vold/ Lenke til et annet nettsted.
- dinutvei.no Lenke til et annet nettsted.
Lovar og retningsliner
Dette er ei lovpålagd teneste etter krisesenterlova.
Krisesenterlova Lenke til et annet nettsted.
Forskrift om fysisk sikkerheit i krisesentertilbodet Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
