Tilbod til pårørande

Samtalegruppe:

Ein onsdag i månaden er det samtalegruppe for pårørande til personar med demens. Det er ein uhøgtidleg samlingsstad for kaffe og samtale. Det foregår på Gullsmedbygget i Åmot og varar frå kl 12-14. 

Prostdiakon Eilev Erikstein og demenskoordinator Marianne Eriksen er med. 

Er det ynskje om samtalegruppe i ditt nærområde, kan du ta kontakt med oss, så kan me også utvide med fleire grupper. 

Individuelle samtaler: 

Ta kontakt om du ynskjer ein individuell samtale. 

Pårørandeskule: 

Hausten 2026 vil det vera pårørandeskule i Vinje. Det vil vare over fire kveldar med oppstart 26. august.
Meir informasjon om samlinganefinn du lenger ned på sida.

Anna nyttig informasjon frå nasjonale instansar- sjå lenker nedanfor:

Pårørandeskule hausten 2026

For pårørande til personar med demens

Kva er pårørandeskule?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom, og som bur i Vinje eller Tokke kommune. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege førelesingar, plenums- og gruppesamtaler får du kunnskap om demens og innsikt i kva følger sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Praktiske opplysningar

  • Stad: Trevet (biblioteket i Åmot)
  • Kurset er gratis
  • Dato for samlingane: 26.08, 03.09, 10.09 og 17.09
  • Tidspunkt for alle dei fire samlingane er kl 17-19.30. Det blir ei pause midtvegs med enkel servering.

Du må melde deg på innan 20.august

NB! du får ei stadfesting frå Marianne Eriksen ved påmelding. Har du meldt deg på, men ikkje fått svar, er det fint om du tar kontakt med Marianne.

Påmelding til Marianne Eriksen, demenskoordinator i Vinje kommune:

Program

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?