Kva er demens?
Demens er ein tilstand som skuldast ulike sjukdommar eller skader i hjernen. I Noreg i dag er det om lag 115 000 personar med demens, og ein antek at omlag 5000 er under 65 år. I Vinje kommune er det utifrå berekningar frå nasjonalt senter for aldring og helse omlag 100 personar med demens per 2025.
Nasjonalforeningen for folkehelsa har laga ein animasjonsfilm som formidlar kva demens er, og kva som skjer i hjernen ved ein demenssjukdom. Filmen rettar seg mot både pårørande, personar med demens, helsepersonell og andre interesserte. (4 min).
Trykk på bilde under og sjå filmen:
Sist oppdatert
