Barn og unge som pårørande

Vinje kommune ynskjer at alle barn og unge som er pårørande, skal få den støtta og hjelp dei treng.

Her har me samla  litt informasjon til deg som er ung pårørande. Enten du søkjer nokon å snakke med nær eller fjern frå deg, chatte med eller om du bare søkjer informasjon. 

Du tenkjer kanskje ikkje over det, men det er faktisk mange nær deg som kan hjelpe deg. Alt frå helsesjukepleiar, miljøarbeidar  eller ein  lærar på skulen din til andre fagpersonar i kommunen. Dei kan snakke med deg om det som du tenkjer på eller om det som er vanskeleg.
Dei kan også hjelpe deg å finne fram til andre som kan hjelpe. 

Har nokon av dine nære fått kreft? Då har du sikkert mange spørsmål. Ta kontakt med kreftkoordinator i Vinje kommune som kan hjelpe deg:

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?