Pasientrettar
Fekk du ikkje helsehjelpa du trong?
Du har rett til å klage om du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, brukar eller pårørande, eller opplever å ikkje ha motteke dei tenestene du har krav på. Pårørande kan óg ha klagerett.
Treng du råd og rettleiing på vegen, kan du kontakte Pasient- og brukarombodet. Dei informerer om kva du har rett på.
Pasient- og brukerombudet arbeider for å ta vare på pasient, brukar og pårørande sine behov, interesse og rettstryggleik i offentleg helse- og omsorgsteneste. Dette er eit gratis lågterskeltilbod for innbyggarane i heile Noreg, og du kan vere anonym.
Andre hjelpesider finn du her:
Klagerett
Dersom du ikkje er einig i vedtaket du har fått, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommune.
Om kommunen meiner at vedtaket er rett, og ikkje vil endre på det, blir det rekna som eit vedtak som du kan klage på.
Har du ikkje fått informasjon om at kommunen ikkje vil gjere noko, gjeld ikkje klagefristen. Du må likevel klage innan rimeleg tid etter at kommunen har avslutta saka.
Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren.
Du vil finne meir om klagerett på sidene det er linka til under:
Retten til å varsle om svært alvorlege hendingar
Du som er pasient, bruker eller næraste pårørende har rett til å varsle om dødsfall eller svært alvorleg skade etter hendingar som har samanheng med helsehjelp.
Kriteria for å varsle er:
- dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller bruker, når
- hendinga skjedde i helse- og omsorgstenesta, eller ved at pasient eller bruker skada ein annan
- utfallet er uventa ut fra pårekneleg risiko
Alle kriteria må vere oppfylt for å varsle om ei svært alvorleg hending.
Korleis varslar du:
For nærare informasjon om korleis du varslar, og korleis varselet blir fylgt opp finn du her:
Sist oppdatert
