Psykisk helse og rus

Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar, og/eller rusrelatera problem, har kommunen ulike tilbod som skal styrkje evna di til å meistre livet. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing til både deg og dine næraste, samtalegrupper med meir.

Dette er eit kommunalt lågterskeltilbod til deg som:

  • har ei psykisk liding
  • strevar med psykososiale og relasjonelle problem
  • slit med rusrelatera problem, også i kombinasjon med psykiske vanskar
  • er i ein vanskeleg livssituasjon
  • er pårørande til nokon som har psykiske lidingar og/eller rusrelatera problem

Det er ditt behov som er førande for tilbod om tenester. Tenesta er gratis. Den er for både barn, unge og vaksne, familiar og par.

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta etter Lov om kommunale helse og omsorgstenester §3-1 Lenke til et annet nettsted.

  • Oppfylgjing i heimen, på skulen eller på kontoret til psykisk helse og rus i Åmot.
  • Individuelle samtalar.
  • Samtalar med pårørande eller andre.
  • Ulike gruppetilbod, som angstgruppe og gågruppe.
  • Koordinering av tiltak i kommunen og i høve til spesialisthelsetenesta.
  • Rettleiing, undervising og informasjon om psykisk helse og rus.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?