Ruskonsulent

Dette kan ruskonsulenten hjelpe deg med:

  • Bistå deg som pårørande, eller deg som har utfordringar knytt til rus med samtaler, råd og rettleiing.
  • Henvisning til rusbehandling hos spesialisttenesta.
  • Koordinere tenestene når det er fleire instansar involvert og kan vera eit bindeledd mellom fastlege, NAV, bustadkonsulent og sjukehus.

Du treng ikkje ha eit alvorleg og omfattande rusproblem for å kontakte ruskonsulenten, og du treng ikkje henvisning.

Den rådgjevande eininga for russaker skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte for eininga er sett som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon, inkludert gjennomføring av ruskontroll dersom dette er sett som vilkår. Oppmøte, og eventuell ruskontroll påleggast av påtalemyndigheita som vilkår for påtaleunnlating eller som vilkår for dom.

Påtalemyndigheita formidlar informasjon til rådgjevande eining i kommunen om at ein person har fått ilagt nemnde vilkår. Eininga kallar inn personen til oppmøte, og eventuell rustesting dersom dette er eit vilkår. Eininga si primære oppgåve er å gje generell informasjon, råd og rettleiing. Dersom personen samtykker til det, kan rådgjevande eining tilby helsehjelp og oppfølging av personens rusmiddelbruk.

I Vest-Telemark er det inngått ein interkommunal avtale om felles rådgivande eining for russaker. Tokke kommune har per nå koordineringsansvaret.

Kontakt

Vinje kommune delar ut brukarutstyr til dei som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen og som injiserer rusmidlar. Utdeling av brukarutstyr er eit tiltak som bidreg til å redusere skader knytt til rusbruk, som smittsame sjukdommar. 

Kven delar ut brukarutstyr? 

  • Legekontoret i Åmot
  • Ruskonsulent  

Når delar me ut brukarutstyr? 

  • Legekontoret i Åmot: kvardagar mellom kl. 10.00 - 15.00 (utlevering utover desse tidene kan gjerast etter avtale).
  • Hos ruskonsulent: stort sett alle kvardagar mellom klokka
    08.00-15.30

Korleis få utlevert brukarutstyr?

  • Legekontoret i Åmot: møt opp i opningstida mellom kl. 10.00 - 15.00.
  • Hos ruskonsulent: ring, eller send sms til 91 10 69 63

Ved utlevering av brukarutstyr kan du få informasjon om bruk av røykefolie framfor injeksjonsmateriell, samt informasjon om korleis unngå smitte av hepatitt C og HIV.

Utlevering blir ikkje journalført, og du kan vera anonym

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?