Sjølvmord og sjølvmordstankar

Årsaka til at ein person får tankar om, eller vurderer å ta sitt eige liv, er ofte samansett. For nokon er sjølvmordstankar knytt til ei krise eller depressiv episode, hjå andre er det eit langvarig og tilbakevendande problem. Det finst mange stadar å få hjelp og behandling.

Når sjølvmordstankane kjem er det viktig å vite at du ikkje er åleine om å ha slike tankar, og at det finst personar som ynskjer å hjelpe deg. Snakk med ein du stolar på og fortel korleis du har det. Det kan bidra til å sortere tankane og gjera det lettare å handtere situasjonen.

Ved akutte situasjonar - ring legevaka på 116 117 eller naudnummer 113.

Fleire i kommunen kan hjelpe deg om du har sjølvmordstankar eller har forsøkt å ta ditt eige liv. Du kan kontakte:

Frivillige organisasjonar kan også hjelpe deg. Mange frivillige organisasjonar tilbyr støtte, informasjon og hjelp til menneske som har sjølvmordstankar. Fleire har hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper.

Hjelpetelefonar:

Om tankane om å ta ditt eige liv blir framtredande, er det bra å ha tenkt gjennom på førehand kva du sjølv kan gjera for å lette situasjonen.

Lag deg ein krise-/tryggleiksplan som du kan ta fram om du treng den. Tenk gjennom og skriv ned kva som kan hjelpe deg, for å unngå å handle ved sjølvmordstankar:

  • faresignal, som til dømes tankar, følelsar og åtferd du bør vera merksam på
  • tidlege teikn på krise og faktorar som aukar risiko for sjølvmordsåtferd
  • kva hjelp du kan få frå familie, venner og øvrig nettverk
  • kontaktinformasjon til tenester og personar du ynskjer å involvere når teikn eller symptom er under utvikling, og korleis du skal ta kontakt
  • korleis du ynskjer å bli møtt og kva du meiner er god hjelp og behandling

Tilsette i helsetenesta kan hjelpe deg å lage ein krise-/tryggleiksplan.

Mange som er i ei krise veit ikkje kor dei skal henvende seg. Enkelte har det så vanskeleg at dei ikkje er i stand til å hjelpe seg sjølv. Då er det viktig at de som er i nærleiken tar eit initiativ og snakkar med vedkomande. Det å spørje nokon om dei har tankar om å ta sitt eige liv vil ikkje gjera det vanskelegare, det kan bidra til å redde liv.

Kva teikn kan du sjå etter?

Faresignal

  • Symptom på psykisk lidelse, særlig depresjon (tristhet, håplausheitsfølelse)
  • Sterk angst, rastlaus og/eller indre uro
  • Snakkar om å dø eller om sjølvmord
  • Sosial tilbaketrekning
  • Aukande bruk av rusmiddel
  • Tidlegare sjølvmordsforsøk

Faresituasjonar

  • Tap eller brudd i nær relasjon
  • Andre tap eller negative livshendingar (jobb, utdanning, økonomi)
  • Utsett for vald eller psykiske traumer
  • Nyleg fått diagnostisert alvorleg fysisk sjukdom
  • Sosialt isolert

Kven kan eg kontakte for å få råd og rettleiing?

Fleire kommunale tenester kan gje råd og rettleiing om du er bekymra for om nokon du kjenner har tankar om å ta sitt eige liv. Du kan kontakte:

Mange frivillige organisasjonar tilbyr støtte, informasjon og hjelp til menneske som har sjølvmordstankar. Fleire har hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper

Hjelpetelefonar:

Når nokon har teke sitt eige liv, kan barn få med seg meir enn me trur. Forklar på ein måte som er forståeleg og sannferdig utfrå barnets alder og modenheit.
Du kan lesa meir om dette her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?